Rasjonelt fjøsstell // Teaterlaget i BUL
Kva skjer når den yngre garde kjem heim frå byen og vil revolusjonere gardsdrifta? Kva skjer når nye tankar og idear, som ferskt kjøt og smekker med nynorsksitat, kolliderer med det historiske og tradisjonelle?
Vel møtt til Teaterlaget i Bondeungdomslaget si framsyning av komedien «Rasjonelt Fjøsstell» - eit av dei mest spelte teateroppsettingane i Noreg.
I høve Bondeungdomslaget sitt 125 års jubileum set Teaterlaget opp Hulda Garborg sin klassikar. Både med Garborg sitt originalmanus og i ny drakt omarbeidd av Olaug Nilssen. Du får sjå begge versjonane - og får sjå korleis historia og tematikken både utviklar og gjentek seg.
Velkommen til Teatersalen og Nynorskens hus.
Regi: Mari Elise Haugen
Rasjonelt fjøsstell (1896) – i rollene:
Lars Bøan: Henri Aasen
Anne, kona hans: Anne Cathrine Johansen
Inger, dotter deira: Sunniva Vikøren
Utstu-Gamla: Marie Nicolaisen
Tore, son hennar: Emil Stenstad
Jens Pedersen, seminarist og kontorist hos lensmannen : Kjell Åsmund Sunde
Rasjonelt fjøsstell (2021) – i rollene:
Anne Bøan: Vivian Brattsti Sørensen
Lars, mannen hennar: Håvard Thorsby
Ingar, sonen deira: Endre Flatmo
Sissel Utstu: Amalie Dalaker
Svein Utstu: Terje Svindseth
Tora Utstu, dotter deira: Silje Dahl
Janne Pedersen, surfedame med internettjobb: Eileen Røsholt
Waiver
Kjøpte billettar blir ikkje refundert