Halldis Moren Vesaas-kveld
Vi markerer at det er 95 år sidan debuten Harpe og dolk.
For 95 år sidan debuterte Halldis Moren Vesaas med diktsamlinga «Harpe og dolk». Lanseringa fann stad i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) sine lokale, no kalla Nynorskens hus. Difor er nettopp denne staden ein naturleg stad for ei feiring av jubileet. Det er også 125 år sidan BUL blei stifta, og Halldis Moren Vesaas-kvelden er ein del av det offisielle jubileumsprogrammet til BUL.
I april arrangerte vi ein Jakob Sande-kveld med stor suksess og håpar det blir ein like fin kveld denne gongen!
På programmet
- Samtale mellom Gunnstein Akselberg, Brit Bildøen, Ola E. Bøe, Cecilia Ölveczky med fleire
- Dikt og musikk ved Den mangfaldige scenen og urframføring ved bandet Astera
- Helsingar og allsong
- NRK-opptak
- Sal av bøker, kaffi og lefser
Dørene opnar kl. 18.00 og programmet startar kl. 18.30.
Stad: Teatersalen, Nynorskens hus, Rosenkrantz’ gt. 8, Oslo.
Arrangørar: Bondeungdomslaget i Oslo, Den mangfaldige scenen, Fylkesmållaget Vikværingen, Oslo mållag, Samlagsrota og Vinjesenteret.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar blir ikkje refundert.