Storhammer
Teaterlaget inviterer til kriminalkomedien Storhammer - sett til Noregs alboge, Lillehammer, i 1949.
Teaterlaget byr på krimkomedie i årets førjulsframsyning.
Året er 1949. Staden er Lillehammer Hotell. Det er snart jul og den vesle norske innlandsbyen skal nyttast som location i ein stor Hollywood-produksjon. I Storhammer møter du eit variert galleri av gjestar og tilsette på hotellet. Alle har noko å skjule, dei er berre ikkje så flinke til det.
Når ein fullstendig ubetydeleg tilsett ved hotellet blir funnen drepen i eit skap, blir Noregs fremste og einaste kvinnelege detektiv, Mona Hauge, sendt opp frå Oslopolitiet for å leie etterforskinga. Detektiv Hauge må bruke alt ho har av intuisjon (både kvinneleg og vanleg) til å løyse gåta og finne mordaren. Vil ho klare det, og forhindre nye drap ved hotellet?
Det blir høg drinkføring, kjappe replikkar, og ikkje minst – mord!
Manus og regi: Aila Eckhoff Sinober
Framsyninga varer i omlag 1 time og 20 minutt utan pause.
Eit par karakterar i framsyninga snakkar på engelsk.
Framsyninga er støtta av Kulturdirektoratet og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Denne framsyninga blir spelt av gruppe 1.
Gruppe 1:
Mona Hauge: Marte Sonni Guldvog
Børre Hansen: Håvard Thorsby
Laila Hoffman: Amalie Dalaker
Fredrik Larsen: Kjell Åsmund Sunde
Morten Voldbakken: Håvard Thorsby
Marna Austrlheim: Anne Cathrine Johansen
Tanja Holmes: Heidi G. Einarsrud
Benny Mildew: Emil Stenstad
Ronnie Stienwein: Henri Aasen
Kari Haugrud: Marie Nicolaisen
Velkommen til Teatersalen og Nynorskens hus. Rosenkrantz’ gt 8, Oslo.