Vi er verda – Fosse i Nynorskens hus

Evenemangsinformation

Fosse-festivalen 2019

Fosse i Nynorskens hus

Vi er verda


Eg er her
Alltid er eg her
Ganske kort pause
Og eg har alltid
vore her
ganske kort pause
men likevel
ganske kort pause
eg må jo eingong
ha kome hit
ganske kort pause
eg kom hit
ganske kort pause
og så var eg her
Og så er eg her

50 jenter i alderen 10–22 år frå Det Norske Jentekor og Den mangfaldige scenen har urframføring av verket Vi er verda.
Teksten er skrive av Jon Fosse og er henta frå opninga av teaterstykket Desse auga og musikken er komponert av Ørjan Matre.  
Premieren finn stad i eit av dei beste romma for kor og kammermusikk i Oslo, i det huset Jon Fosse i 2014 ga namnet Nynorskens hus.


Dirigent: Anne Karin Sundal-Ask
Koreografi: Erlend Samnøen


Produsert av Den mangfaldige scenen og Det Norske Jentekor


Ørjan Matre studerte komposisjon ved Norges musikkhøgskole,  og skrive verk for ensemble frå kor via kammermusikk til fullt symfoniorkester. 

Det Norske Jentekor er Noregs leiande jentekor med over 100 songarar. Dei har utmerka seg nasjonalt og internasjonalt for sitt arbeid med folkemusikk og samtidsmusikk og har eit stort repertoar med nynorske tekstar. Vi er verda er den første Fosse teksten koret framfører.

Korets dirigent Anne Karin Sundal-Ask har vore dirigent i Jentekoret sidan 2005. Ho har dirigert fleire av Noregs ledande kor. Ho har saman med desse tinga ei stor mengde komposisjonar frå landets ledande komponistar.


Den mangfaldige scenen er eit teater der over 150 unge mellom 6 og 26 år får uttrykke seg, lære og skape i samsspel med profesjonelle kunstnarar. Dei har utmerket seg nasjonalt og internasjonalt for eit banebrytande arbeid med unge og teater, og gjennom produksjonar og utøvarar som er nådd fram til mange tusen. DMS har sidan oppstarten i 2008 hatt årlege arbeider og produksjonar med Fosse sine tekstar i regi av Erlend Samnøen, Morten Espeland, Kai Johnsen m.fl.


Erlend Samnøen er koreograf, regissør, tekstforfattar i Den mangfaldige scenen. Han er utdanna dansar ved statens balletthøgskole i Oslo og har jobba som koreograf og regissør ved blant anna Trøndelag Teater, Nationaltheatret, Hålogaland Teater og Brageteatret. Saman med skodeselar Morten Espeland driver han scenekunstkompaniet YMIST. som bla har laget framsyninga Draumkvedet.