Rett i lomma // Teaterlaget i BUL Oslo
Denne våren set Teaterlaget i BUL opp «Rett i lomma» av Michael Cooney. I denne fartsfylte og populære farsen møter vi Erik Bruun som har svindla trygdesystemet ved å dikte opp ein masse leigebuarar med den eine skavanken verre enn den andre. Når trygdeinspektør Fylking bankar på døra for å sjekke forholda startar ein enorm og stadig meir komplisert operasjon for Bruun, i eit håp om å unngå å bli avslørt.
Fest setebelte og bli med på ei hysterisk reise i høgt tempo med skiftande identitetar, slamrande dører og ein svindlar som mistar all kontroll.
Velkommen til framsyning i Teatersalen i Nynorskens hus!
Regi: Fredrik Elfstrand
Framsyninga varer i om lag 2 timar.
Roller
Erik Bruun: Håvard Thorsby
Norman Bassfjord: Endre Flatmo
Linda Bruun: Eileen Røsholt
Fylking: Henri Aasen
Onkel Georg: Terje Svindseth
Fjeldstad: Camilla Hole
Sally Fagerland: Heidi G. Einarsrud
Doktor Bjartvold: Emil Stenstad
Kaupang: Kari Aniksdal
Brita-Lill: Anne Cathrine Johansen
Ograniczenia
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte