Minutt til solnedgang – Fosse i Nynorskens hus

INFORMACJE O IMPREZIE

Foto: Darja Olsevskaja

Minutt til solnedgang 

av Edwin Cabascango


Framsyninga er vår fysiske tolking av Jon Fosse si nye bok Septologien, på eit vis der ingen er hovudpersonar, men heller små brikker som til saman fortel om menneskeleg relasjon. Som fortel om kva konsekvensar det har når to sjeler møtest. Korleis ein fysisk kropp kan reagere på det å sjå, møte og røre ein annan kropp.


Utøvarar: 

Dansarar: Luana Battisteli, Eline Olsen, Dagmara Maslowska, Synne Erichsen

Skodespelar: Emil Rodrigo Jørgensen

Musikar: Joel Ring

Koreograf: Edwin A. Cabascango


Kor: Songlaget i BUL med urframføring av Auge i vind, tekst: Jon Fosse, komposisjon: Liv Ulvik, dirigent: Mari Tveito


Framsyninga varer i 35 minutt



Produsert av Den mangfaldige scenen i samarbeid med Nynorskens hus og Texture and Movement

dans