Morgon og kveld – Fosse i Nynorskens hus

INFORMACJE O IMPREZIE

Morgon og kveld.

Av Jon Fosse i ei dramatisering av Hildegun Riise

Regi: Terje Skonseng Naudeer

Medverkande: Stig Amdam


I eit fortetta limbounivers møter vi Johannes i ytterpunkta av sin livssyklus. Den dagen han vert fødd og den dagen han skal over til den andre sida. Vi møter Stig Amdam som fiskaren Johannes. Han skal saman med sin avlidne beste ven Peter gå igjennom livet sitt for å møte døden. Han ser, sansar og freistar å ta inn over seg kva det er som er i ferd med å skje. Erkjenninga om at livet skal til å sleppe taket veks fram i han etter kvart som han undrar, minnest, ser og får satt opplevingane sine i perspektiv. Heile tida er sjøen og arbeidsgjerninga ved kysten sterkt tilstades som ramme for livsverket til Johannes. Forteljinga har rike religiøse og eksistensielle dimensjonar og snakkar til oss på ein særs sanseleg måte og er eit glimrande eksempel på Jon Fosse si magiske forteljarkunst.

Bli med på Johannes si siste reis. Han er ein fin mann å slå følje med.