page view image

Samson og Roberto // Teaterlaget i BUL Oslo

Information
event image

Samson & Roberto // Teaterlaget i BUL Oslo

 

Samson, ein engsteleg og svolten hund, og Roberto, ein optimistisk og oppfinnsam katt, bur saman på søppeldynga. Dei har verken mat eller pengar, men dei har kvarandre. Ein dag kjem det eit brev som fortel at Samson har arva eit forfalle pensjonat – og 14 kroner og 50 øre. Brått opnar ei verd av moglegheiter seg. Men kan dei eigentleg noko om pensjonatdrift? Kva skjer når skatteetaten blandar seg? Kva skal dei servere gjestane? Og kjem dei i mål med pensjonatet før det verdsberømte punkebandet Krakilske Kameratar kjem? Heldigvis dukkar det opp både gode hjelparar og gjestar, og dei har alle sin måte å *kremt* hjelpe til på.  

 

Stykket er basert på Ingvar Ambjørnsen sine populære barnebøker. Samson og Roberto er ei varm forteljing om viktigheita av vennskap og samhald – med masse kjærleik, galskap og humor. Og pærebrus. Masse pærebrus.  

 

Framsyninga passar for barn frå fem og oppover til minst 100 år, og varer i omlag to timar inkludert ein pause.  

 

Velkommen til Fjordgløtt Pensjonat (Teatersalen - Nynorskens hus)! 

 

Regi: Julie Ibenfeldt Lindvik

Musikk av: Andreas Lyngstad


I rollene:

SAMSON, ein hund: Vivian Brattsti Sørensen

ROBERTO, ein katt: Håvard Thorsby

VON STRUTS, ein stork: Sunniva Vikøren

POSTGRISEN, ein gris: Eileen Røsholt

MARIO, ein italiensk bever: Amalie Dalaker

GRETA, ein grevling: Silje Dahl

PER PLAGE, ein måleorm: Ammar Banewais

OLLIE, ein polsk oter: Endre Flatmo

GREGOR, ein skotsk moldvarp, poet: Emil Stenstad

FRØKEN KRILLEBERG ein hissig kalkun: Anne-Cathrine Johansen

BENNY ei rotte, journalist: Terje Svindseth

TEDDY ein fotograf: Eileen Røsholt

KILLVILL ei kråke, trommeslagar: Endre Flatmo

KRIZ ei kråke, gitarist: Ammar Banewais

GLENDA KENNY(GK) ei kråke, vokalist: Eileen Røsholt

ingvarambjørnsen barn aktiviteterforbarn teater underholdning

Afstandsverklaring

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte