Krantz – Lights out

Arrangementsinformasjon

"Excellent musicians.. a phenomenal performance." SUDWEST PRESSE

"Bright performance, all in the dark" PORTLAND PRESS HERALD

Lights out inviterer til ein konsert i absolutt mørke. Trioen har dei siste åra turnert Europa og USA med fulle hus og strålande kritikkar. Denne gongen kjem dei med eit splitter nytt program som brukar det mørklagte konsertlokalet på ein kreativ måte for å skape ei sterk tredimensjonal lyttaroppleving.

Denne heilt spesielle konserten gir lyttaren ei ny oppleving av levande musikk og eigen høyrsel. I totalt mørke får lyden ein utruleg intimitet og avstanden mellom lyttar og publikum forsvinn. Som ein del av konseptet får ikkje publikum vite programmet før etter konserten er ferdig. Dette er for å lage ei så open, forundringsfull og fordomslaus oppleving som mogleg. Men vi kan røpe at kveldens musikk er skrive av ein gruppe unge rebelske komponistar som sprenger grensene for kva klassisk musikk er og kan vere. Inspirert av m.a. minimalisme, dronar, ambient og pop har dei skapt sitt eige uttrykk som er ytst stemningsfullt, rikt på nye teksturar og fullt av overraskingar.

LightsOut er Magnus Boye Hansen på fiolin, Steven Walter på cello og Mathias Susaas Halvorsen på klaver.

Her kan du kjøpe billett til Krantz – Lights out 13. oktober kl. 19.00. Konserten vert spelt to gonger: Klikk her viss du vil kjøpe billett til kl. 13. oktober kl. 21.00.