Krantz // Duo TÖ + Koppen

Arrangementsinformasjon

Velkommen til haustens siste KRANTZ-konsert!

Denne kvelden presenterer Duo TÖ, Anna Christensson (klaver) og Torun Sæter Stavseng (cello) eit variert program av solo- og duostykke. Delar av kvelden i samspel med videokunst av Henrik Koppen.

Clara Schumanns 'Drei Romanzen' for soloklaver (1853) er eit av dei få verka ho har skrive i moden alder, og dei blei til i ei turbulent tid av livet hennar. Det same gjeld 'Malinconia' (1900) som Jean Sibelius skreiv etter ei tragisk livshending i midten av trettiåra.
Det blir Oslopremiere av 'Vuggesang' for solocello (2016) skrive for Torun av amerikanske Tyler Futrell og siste del av konserten bli via to britiske komponistar: urframføring av 'Clean-cut, Doe-Eyed' av Gregor Riddell, og blir avslutta med Benjamin Brittens episke og komplekse Sonate i C (1961)

// Program //

Jean Sibelius Malinconia Op. 20
Tyler Futrell Vuggesang for solocello
Clara Schumann Drei Romanzen for klaver Op. 21
Gregor Riddell Clean-cut, Doe-eyed (urframføring)
Benjamin Britten Sonate i C Op. 65


Billettar 200/100


Meir informasjon kan du finne her:

Krantz' heimeside

Facebook

Nynorskens hus

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.