Ein slags juletrefest med Herborg Kråkevik
Informasjon
Er det lenge sidan du har vore på joletrefest? Eller har du kanskje aldri vore på ein?
Joletrefest har ein lang tradisjon her i landet, også i BUL og Teatersalen. Laurdag 9. januar 2027 har vi invitert med oss Herborg Kråkevik til det vi har valt å kalle «Ein slags joletrefest».
Herborg skal synge og underhalde, og ikkje minst synge jolesongar med oss. Det blir litt konsert, trulig litt fjas og anna underhaldning. Vi er ikkje heilt sikre. Det vi derimot veit er at at det bli allsong, det blir gang rundt joletreet og kanskje kjem nissen.
Arrangementet passar for barn frå 5 år og oppover.