Blood on Ice // Teaterlaget i BUL Oslo

Arrangementsinformasjon

Blood on Ice // Teaterlaget i BUL Oslo


Tolvåringane Toni, Nathalie og Alexander konkurrerer i kunstløp. Dei vil alle bli best, men kor langt er dei villige til å gå for å vinne?

Vegen er kort frå leik til blodig alvor i Blood on Ice av Sofia Fredén. Stykket blei først vist på Backa Teater i Göteborg i 2013. No blir Teatersalen i Nynorskens hus forvandla til ein ishall fylt av musikk, dans, rulleskøyter og paljettar når Teaterlaget i BUL Oslo er klare med norsk urframføring.

Velkommen til eit prepubertalt kaos om kampen mot å vere middelmåtig.

Framsyninga blir spelt av to ulike skodespelargrupper. Under finn du ei oversikt over kven og kva for eit gruppe som spelar dei ulike framsyningane. For å kjøpe billett til eit anna tidspunkt, klikker du her.


Regi: Julie Ibenfeldt Lindvik

Komponist og musikar: Espen Ramsli Fredriksen


Framsyningar:

Larudag 2. oktober: Kl. 15:00 – Gruppe 2

Laurdag 2. oktober: kl. 18:00 – Gruppe 1

Sundag 3. oktober: Kl. 15:00 – Gruppe 1

Sundag 3. oktober: Kl. 18:00 – Gruppe 2

Måndag 4. oktober: Kl. 19:00 – Gruppe 2

Onsdag 6. oktober: Kl. 19:00 – Gruppe 1

Torsdag 7. oktober: Kl. 19:00 – Gruppe 2

Fredag 8. oktober: Kl. 19:00 – Gruppe 1


Gruppe 1:

Toni: Heidrun Sølna Øverby

Nathalie: Heidi Gunhildberget Einarsrud

Alexander: Endre Isachsen Flatmo

Andrea: Håvard Thorsby

Dominika: Vivian Brattsti Sørensen

Roffe: Amalie Dalaker

Thea: Anne Cathrine Johansen

Alexandra: Silje Dahl

Høgtalar: Emil Bech Stenstad


Gruppe 2:

Toni: Heidrun Sølna Øverby

Nathalie: Lena Reksnes Sanne

Alexander: Fredrik Elfstrand

Andrea: Kari Aniksdal

Dominika: Emil Bech Stenstad

Roffe: Henri Aasen

Ted: Terje Svindseth

Alexandra: Tanja Stenberg

Høgtalar: Vivian Brattsti Sørensen