FOLKEEVENTYRA – THE MUSICAL // Teaterlaget i BUL

Folkeeventyra – The Musical er ei lettare absurd og humoristisk reise med dei kjende og kjære figurane vi kjenner frå Asbjørnsen og Moe sine eventyr, pakka inn i eit herleg musikalsk univers.

page view image
Event date

Sunday 14 Jun 2026 16:00

Ends Sunday 14 Jun 2026 18:00
order

Available items

Vaksen
Barn/student/honnør
BUL medlem
event image

Event information

Folkeeventyra – The Musical er ei lettare absurd og humoristisk reise med dei kjende og kjære figurane vi kjenner frå Asbjørnsen og Moe sine eventyr, pakka inn i eit herleg musikalsk univers.

Asbjørnsen og Moe treng ein bestseljar, og dei treng han no. Kjem dei ikkje snart opp med noko som sel, så er det kroken på døra. På jakt etter inspirasjon og dei verkeleg gode historiene legg dei ut på ei reise og treff Espen Arne. Ein fyr med møkk i trynet og raud hjelm på hovudet, som nettopp har fått eit brev frå kongen.

På sin veg for å samle eventyr, møter Asbjørnsen og Moe Bukkane Bruse og Trollet under brua, Dovregubben, Revtsjenka (Reveenka), Pannekaka - og mange fleire! Men dei oppfører seg kanskje ikkje heeeilt slik vi hugsar dei frå eventyra?

Folkeeventyra – The Musical er ei familieframsyning som er like morosam for både vaksne og barn. Vi gler oss til å ta dykk med på ei eventyrleg reise med song, dans og ein heil bråte med finurlege og morosame karakterar.


Velkommen til Teatersalen til BUL/Nynorskens hus.

Organizer
Nynorskens hus