ODE Ung – FESTEN // CODAdancefest21

EVENT INFORMATION

FESTEN – ei danseframsyning for og med ungdom


Iben inviterer til verdas beste heime-aleine-fest, men det som startar som ein perfekt kveld blir fort sett på prøve idet uinviterte dukkar opp. Fasadar slår sprekkar, vennskap blir testa og det som skulle bli tidenes fest blir kanskje noko heilt anna …


ODE Ungs produksjon- og kunstnariske leiarar Nina Lill Svendsen & Christer Tornell, presenterer saman med dansarane Nanna Knutsson, Oliver Paulsson, Melanie Kajanne Källström og Lars Henriksen, FESTEN.


FESTEN leikar med omgrepet «fest» som symbol på livet. Gjennom bruk av sosiale medium i kombinasjon med sitt sceniske uttrykk, tar FESTEN på seg oppgåva med å forstå ungdommens sosiokulturelle normer, og deira måtar å kommunisere på. 

Framsyninga speglar det mikrounivers og dei utfordringar ungdommar står overfor i møtet med den krevjande balansegangen det er å stå opp for seg sjølv, sette grenser for seg sjølv – og samstundes kjenne tilhøyrsle til ei gruppe. Kommunikasjonen går også føre seg i eit parallelt univers, på nett.

FESTEN tematiserer korleis det har blitt viktigare å vise korleis ein lever, enn å faktisk leve. Framsyninga leier publikum gjennom ungdommane sine eigne historier, der den einsemda vi alle lever i, blir illustrert via vidt forskjellige opplevingar av same fest. For nokon av personane i handlinga representerer festen lykke, inkludering, nettverksbygging, humor og samvær. For andre smakar festen av utestenging, einsemd, skamfølelse, overgrep og dårlege ruserfaringar.

Restrictions

Kjøpte billetter blir ikkje refundert. Dersom arrangementet blir avlyst, blir billetten refundert (utanom
gebyr).