Ei julesoge av Charles Dickens

EVENT INFORMATION

I Charles Dickens sin udødelege klassikar Ei julesoge treff vi Ebenezer Scrooge, ein gamal og grisk grinebitar som er stinn av gryn, men ikkje så mykje anna. Scrooge hatar jula og alt den står for. Sjenerøsitet, kjærleik og godheit – humbug alt saman!  

Natt til første juledag får Scrooge eit uventa besøk av gjenferdet til den tidlegare kompanjongen hans, Jakob Marley. Og det er ikkje akkurat lystige nyheiter han kjem med. I løpet av natta får han besøk av heile tre ånder, som alle vil forsøke å redde Scrooge frå ein lagnad verre enn brent svor på ribba og mjuke gåver.  

Teaterlaget i BUL Oslo har gleda av å invitere til ei forrykande familieframsyning, som inneheld både latter, song, dramatikk og ein aldri så liten dose grøss og gru.    

Regi: Truls Toftnes